Helga 18-19 februar var Hordablæsten 2017. Skulekorpset deltok med både junior- og hovudkorps.

Juniorkorpset

Juniorkorpset under dirigering av Vegard Fosså. Foto: Simen Soltvedt

Eikelandsosen skulemusikklag junior deltok på laurdag 18/2 med programmet:

  • I got you – I feel good!
  • Imagine
  • Punk!

Juniorane sin dirigent Vegard Fosså er sjølv medlem i Eikelandsosen skulemusikklag han hadde ei travel helg som både dirigent og musikant. Juniorane spelte kjempebra og endte opp på delt 7.plass med 90 poeng dei fekk og «Dynamikk-prisen»!

Hovudkorpset

Hovudkorpset under dirigering av Aidan Smith. Foto: Simen Soltvedt

Eikelandsosen skulemusikklag deltok på søndag 19/2 med programmet:

  • Dakota 1.sats
  • Irish Blessing
  • Rainy day in Rio
  • Dakota 4.sats

Hovudkorpset sin dirigent Aidan Smith har gjort ein formidabel jobb med gjengen, dei leverte ein nydeleg konsert og endte på 5.plass med 89,5 poeng

Vi er så stolte av dei flotte musikantane våre og våre flinke dirigentar!