Helga 18-19 februar var det Hordablæsten 2017 i Grieghallen. Under festkonserten på kvelden blei prisen for årets miljøskaper i Hordaland 2016 delt ut. Ein overraska, men glad Vegard Fosså vant prisen på 5.000 kroner! Prisen er vel fortjent, for Vegard gjer ein kjempejobb i korpset! Det var styret i skulemusikklaget som nominerte Vegard. 

Kriterier for å bli nominert til denne prisen var:

Prisen årets miljøskaper deles ut til et medlem i et skole- eller drillkorps som:

  • Bidrar til å skape et bedre miljø i korpset.
  • Bidrar til at flere vil være med i korpset.
  • Kommer med ideer til fellesaktiviteter.
  • Er engasjert og engasjerer andre.
  • Er inkluderende i sin væremåte.
  • Virker samlende for miljøet.
  • Har godt oppmøte.
  • Har glimt i øyet.

Styret sin nominasjon av Vegard

Vegard Fosså spelar trombone i Eikelandsosen skulemusikklag. Han er 17 år og har vore aktiv musikant sidan han var 6 år. Hausten 2016 valde skulemusikken å opprette eit juniorkorps for fyrste gong. Dette vart gjort for å unngå for at overgangen mellom aspirant og skulemusikk ikkje skulle bli så brå. Vegard blei utfordra til å ta på seg dirigentjobben for dei 10 juniorane og tok utfordringa på strak arm. Vegard har løyst oppgåva på ein særs god måte, og vi vil her trekkje fram litt av den fantastiske jobben han gjer med juniorane.

Fyrst av alt så har Vegard ein utruleg fin kjemi med borna. Han ser alle og han klarer å kommunisere på deira nivå. Han syt for at han har med seg alle på øvingane og gjev passe utfordringar slik at alle opplev meistring.

Samtidig så er Vegard bestemt og tydeleg og styrer gjengen med ei stødig hand så dei får eit godt utbytte av kvar øving. Engasjementet som Vegard visar smittar over på juniorane, det er ein engasjert gjeng vi ser på øvingane.

Som dirigent for juniorkorpset går Vegard glipp av starten på øvinga til Eikelandsosen skulemusikklag. Det krev ekstra øving på eige initiativ. Vegard går på vidaregåande skule og har det travelt i kvardagen, men han stillar alltid godt førebudd på øvingane til både juniorkorps og Eikelandsosen skulemusikklag.

Juniorane er utruleg glad i dirigenten sin, han har god kjemi med kvar og ein av borna. Kjensla av at dei betyr noko og er verdsett betyr mykje for dei. På felles arrangement i korpset vil gjerne dei små hengje rundt dei store, og sjølvsagt med Vegard. Dei store er utruleg flink til å ta vare på dei små og inkludere dei. Vegard utmerker seg også her, han har alltid tid til dei små, han inkluderer på ein god måte.

Tidlegare år har korpset hatt utfordringar knytt til rekruttering av medlemmar, det har vore stort fråfall i overgongen frå aspirant til musikant i skulemusikken. Men takka vere etablering av juniorkorps og Vegard sin flotte innsats har ingen juniorar slutta denne hausten.

Med bakgrunn i dette meiner vi at Vegard er ein særs god kandidat til prisen årets miljøskapar 2016.

Helsing styret i Eikelandsosen skulemusikklag.