Eikelandsosen skulemusikklag inviterer born frå 3. klasse og oppover til å vera med i korpset vårt. Torsdag 7. september klokka 17.30 kan du koma på øvinga vår i Eikelandsfjorden Samfunnshus.

Då kan du prøve ulike instrument, du og foreldra dine får vite meir om oss. Du får også høyre på korpset når dei øver og vere med på pausen. Aspirantar kan få opplæring på kornett, althorn eller baryton. Denne kvelden er gratis og uforpliktande, og krev ingen forkunnskapar. I tillegg til denne kvelden får du også to gratis prøvetimar så kan du bestemme deg i etterkant for om du ønskjer å bli medlem i skulemusikken. Det er greit for oss å vita kor mange som kjem så me kan ha klar instrument, men det går også an å stikka innom utan påmelding.

For påmelding eller spørsmål ta kontakt med:

Birgitte H. O. Skibenes, tlf. 480 73 822, e-post: birgitteskibenes@gmail.com.

Dersom du synest dette verkar interessant, men det ikkje passar å vera med torsdag 7. september, kan du ta kontakt for å gjere avtale om gratis prøvetimar. Helga 8.-10. september skal me ha seminar Fusa skule, og dei som har meldt interesse for prøvedag eller prøvetimar innan torsdag 7. september vil i tillegg til prøvetimane, verta invitert med på sosialt opplegg laurdag ettermiddag/kveld på seminaret.

Om Eikelandsosen skulemusikklag

Skulemusikken består i dag av 22 born og unge mellom 8 og 18 år som spelar og har det kjekt i lag. Me vil gjerne bli fleire, og ønskjer musikantar frå heile kommunen velkomen i korpset vårt! Til å begynne med øver aspirantane aleine eller i eigne grupper. Etter aspirantperioden blir du invitert til å vera med i hovudkorpset. Aspirant/juniorperioden varer i 1-2 år.

Å spela i korps er sosialt, kjekt og er ein flott måte å læra notar og det å spela eit instrument på. Skulemusikken er med på mange kjekke aktivitetar både lokalt og lengre vekke. Både aspirantar og hovudkorps får delta på seminar, konsertar, konkurransar og turar. Aspirantopplæringa foregår på mandagar eller torsdager, frå skuleslutt og utover. Aspirantane øver i grupper på 2-3 elevar og spelar i ca 30-45 minutt kvar gong. Me gjer det me kan for å leggja det opp slik at øvingsstad og -tid blir mest mulig praktisk for alle partar.  Kontingent pr halvår er kr. 1000,-. (+ opplæringsbok med CD ca kr 200,- for aspirantar første halvår). Du treng ikkje eige instrument, det får du låne!

Spørsmål kan rettast til

Styreleiar Birgitte H. O. Skibenes, tlf. 480 73 822, e-post: birgitteskibenes@gmail.com

Helsing
Styret i Eikelandsosen skulemusikklag
Du finn oss også på Facebook!