Vedlikehald av instrumentet ditt

Du må ta godt vare på instrumentet ditt. Vask og reinhald er viktig for at instrumentet skal fungere og ha lang levetid. Om instrumentet ditt ikkje blir vedlikehaldt, kan levetida blir kraftig redusert.

Munnstykket

Munnstykket er utsatt for irr og andre belegg på innsida, det må difor vaskast regelmessig. Om munnstykket ikkje er reint kan lyden bli dårleg (dårleg klang). Hakk eller andre feil på munnstykket kan skade leppane dine (bakteriar og smuss legger seg i hakket) eller øydeleggje klangen i instrumentet. Munnstykket på messinginstrument bør du leggje i bløyt i lunka såpevatn og reinse det med ein munnstykkebørste. Ein liten flaskebørste eller piperensar er til god hjelp når du skal gjere munnstykket reint.

Vask av messing og sølv

  • Instrument som er messingfarga (gull) er lakkert med ein tynn celluloselakk, slik at glansen i instrumentet skal vare. Men lakken tåler ikkje varmt vatn eller kraftig såpevatn! Disse instrumenta skal berre vaskast i lunkent vatn med ei mild såpe.
  • Sølvinstrument kan du vaske i varmare vatn, gjerne med ei mild såpe som for eksempel Sunlight. Ikkje bruk Zalo,  den fjerner fettrestar og tærer på loddingane.